Gratis trådlaust Internett !
Alle hyttene har tilgang til GRATIS trådlaust internet. Då kan du enkelt sjekke mailen, søke etter informasjon om nærområdet på nettet, sjå morgendagens værmelding eller kva enn du måtte ønske.
Heilt privat !
Hyttene våre ligg på forskjellige høgde-nivå i terrenget. I tillegg har vi planta busker og tre på dei riktige plassane. Dette gjer at innsynet vert minimalt, samtidig som utsikten over fjord og fjell er bevart. Du sit ikkje på utstilling, når du solar deg utanfor våre hytter!
Båt inkludert !
Alle våre hytter har ein 16-fots båt med 15-30 hk motor og ekkolodd inkludert i prisen.rnEllers har vi gratis til utlån: redningsvestar i alle størrelsar, sjøkart med GPS-punkt for gode fiskeplassar, krabbe- og åleteiner. Ved båthamna har kvar hytte eit eige oppbevaringsskap for fiske-utstyr. Det er mulig å leige ekstrabåt.rn
Leikeplass og felles uteområde !
Kvar hytte har sin eigen vesle private hage. I tillegg har vi eit felles uteareal, der du kan være sosial ilag med dei andre gjestene viss du ønsker det. Her finn du lekeplass med husker/disse/reie, sandkasse og vippe. Ellers også bålplass, stor utegrill, ovn for røyking av fisk (både kald og varm) Hage bord og benker av naturstein. Ein liten bekk og dam har vi også her.rn
Kven er vi?
Jenny og Sigurd Wik Asklund eig og driv Troll Fjordhytter. Vi er begge 31 år, og har tre gutar på 6, 8 og 10 år. I tillegg til å drive med hytteutleige, driv vi ein gard på fulltid. Her har vi 7500 verpehøner og 50 slakteokser.
Vi skal gjere vårt ALLER beste for at de skal trivast hos oss!
Tilbakemelding frå kundar :
J. LarssenPerfekt weekendtur for småbarnsfamilien! Fisking eller fjelltur på lørdag, Hakallegarden på søndag!
Hans FossenFlotte hytter som vi gjerne besøker igjen!
O. WågeVar her på blåtur med jobben. Vi storkoste oss med bålbrennig og nykokt krabbe på den store uteplassen!






